Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg

torsdag 16. juli 2020

Ei slik natt

lyden av elefantar
som listar seg forbi
soveromsvindauget

eit tre lettar litt på hatten
i eit djupt bukk,
ser paraden gli rundt hushjørnet
og vidare innover plenen
til naboen

blomar syng ein trist melodi
om dagar som aldri kjem att

og eg
her i senga
ei sommarnatt
som aldri tek slutt



onsdag 24. juni 2020

Ikkje godt å vite

det er ofte det stikk motsette
som hender,
handa byter plass med hjernen
og orda du høyrer
er kodar frå fingeravtrykk og muskelfiber

nervecellene knyter seg saman
til knyttnevestore slegger,
banar seg veg gjennom auge og øyre

knuser seg veg
heilt inn til kjernen

og så snur alt
plutseleg har eg undertaket
og finn meg sjølv på rygg
i ei eng av blomar
medan eg tel skyer og bier
og lest som ingenting har hendt

kanskje har det ikkje det heller


onsdag 11. mars 2020

Nåleputesong

som galaktiske strikkepinnar
flyt solstrålane over den grøne parken
pirkar borti gras og tre,
grev seg djupt ned bakken
står som spyd mellom mold og stein

strikkar natta om til dag
strikkar molda om til blomar
strikkar blad på trea
strikkar sommarfuglar
frå dei små larvane

strekk seg mellom nye blad
som spissen av ei nålepute
du kan leggje handa på,
vere ein fakir
med ein song under huda

la seg stille punktere
så songen siv ut
over parken


søndag 27. mai 2018

Det golde



sakte et det seg innover
som eit sakterullande teppe
oppover frodige landskap
over blomar og gras
tre og buskar
framover
heile vegen framover
til landskapet er goldt og tørt
og blomane visna fossil
ingen nokosinne vil finne

slik et forfallet om seg
medan vi speidar mot horisonten
etter regn


lørdag 9. desember 2017

Eit lys i verda #9



alle gode endringar
frå innsida av hjartet og ut

der du kviler blikket
gror såra til glatte flater

ingenting vert som før, der stjernelyset fell
spirer stjerneblomar gjennom betongen


lørdag 12. desember 2015

Nær



sleppe, gripe
oppnedtankar
flytande i dette universet
av rare lydar

gripe, sleppe
bakvendtmaten
i kjappe rørsler
og forsvinne




flyktige draumevengjer
over sommarlandskapet

eg listar meg nærare
så nært at eg kan kjenne
den vesle skjelvinga

- vissa om vinter og død er eit batteri,
gir ekstra energi i sommarkvelden




dette er også ein idrett
seier løvetanna,
strekk sine stive musklar
etter kampen mot sand og grus
og all verdas motvilje