Viser innlegg med etiketten varme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten varme. Vis alle innlegg

tirsdag 2. juni 2020

Nære sjela

det ulmar i jordmørket,
ein tærande brann - ein lengt
etter substansar, frø, fylde
noko som kan vekse
vide ut dei små romma
fylle dei med meining

eit brummande rop i natta,
kom, len deg nærare hjartet
la oss falle inn i kvarandre sin rytme
fylle ut
det som manglar i oss sjølve

len deg nærare sjela,
opne opp dei ytste laga
og dei innanfor
og dei innanfor det igjen
til det inste deg ligg nake og bart
og me kan møtast
utan masker, utan skodespel, utan redsle

hald dei nakne sjelene
i mjuke hender
kviskrar det frå jordmørket
kom, la oss dele varmen i dette ordet
og aldri slokne --



lørdag 21. mars 2020

Millimeterbom

viss du skal reise
med rakett til månen
skal det ikkje så mange millimeter til
med feilinnstilt kurs i starten
før raketten hamnar
ein heilt annan stad

då du veik med blikket
hamna varmen i auga
så utruleg mange kilometer vekke
frå hjartet mitt
at skaden er så å seie uoppretteleg


lørdag 29. februar 2020

Også det som ikkje finst kan skade

kulde er ingenting
anna enn fråvær av varme,
slik mørke ikkje er noko eige
men mangel på lys

på same måten er det likegyldige ingenting
anna enn fråvær av kjærleik,
og dei hatige orda har inga vekt i seg sjølv
dei er berre mangel på omsorg, empati

men slik mørket, det tomme mørket
kan gjere ein forvirra
og redd

og kulden, som er stivna materie
kan gjere stor skade
der varmen slepp taket -

slik kan likegyldige skuldertrekk
brenne hol i eit hjarte
og orda, dei vonde orda
rive ned og trakke på
spirar som skulle strekke seg mot lyset og varmen



søndag 27. mai 2018

Det golde



sakte et det seg innover
som eit sakterullande teppe
oppover frodige landskap
over blomar og gras
tre og buskar
framover
heile vegen framover
til landskapet er goldt og tørt
og blomane visna fossil
ingen nokosinne vil finne

slik et forfallet om seg
medan vi speidar mot horisonten
etter regn


fredag 24. april 2015

Varmen i det å sjå



det gneistrar, slår lyn
frå alle flatene
der eg festar blikket

små meldingar
mellom oss konstruerte
kodeknekkarar;

kjenner det varmar, ei glede
i det å vere ein bit
av noko ikkje-maskinelt



tirsdag 24. juni 2014

Sommarminne



Eg hugsar dei dagane
barne-tv vart gløymt
og innetidene vart utsett
litt til –
då vi sprang barbeint
med grønske på knea
og støvgrå tær
gjennom nyslått gras,
over altforvarm asfalt,
i rislande, iskalde bekkar

dei dagane vi måtte klatre
i murane, strekke oss
innover buskane
for å få tak i frisbeeane
eller badmintonballane
eller papirflya
eller sprettballane

og lukta av sommar,
lukta av varme kroppar, varmt gras,
varme timar limt
til funklande auge

og varmen i dyna
når ein til slutt måtte gje etter
og senke ein ferdigleika kropp
inn i sommardraumane –