Eg
hugsar dei dagane
barne-tv
vart gløymt
og
innetidene vart utsett
litt
til –
då
vi sprang barbeint
med
grønske på knea
og
støvgrå tær
gjennom
nyslått gras,
over
altforvarm asfalt,
i
rislande, iskalde bekkar
dei
dagane vi måtte klatre
i
murane, strekke oss
innover
buskane
for
å få tak i frisbeeane
eller
badmintonballane
eller
papirflya
eller
sprettballane
og
lukta av sommar,
lukta
av varme kroppar, varmt gras,
varme
timar limt
til
funklande auge
og
varmen i dyna
når
ein til slutt måtte gje etter
og
senke ein ferdigleika kropp
inn
i sommardraumane –
Ja, noen spesielle dager på sommeren, husker en alt slik det var...
SvarSlettja, de var fantastiske!:) sådan nogle dage, dengang.... husker det så inderligt nu. mærker dem i maven, dufter dem, ser dem.
SvarSlettsuper digt!:)
klem fra laila
Å, så nydelig beskrevet. Spot on! Vekker sommerminner hos meg.
SvarSlett