Viser innlegg med etiketten spegle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spegle. Vis alle innlegg

torsdag 6. august 2020

På veg ut

spegelen gløymde ut fjeset mitt
i ein saktegåande prosess
på om lag to år

så sakte gjekk det
at eg ikkje la merke til den sakte utviskinga
før du ein kveld
        festa auga på meg i glaset

sjå, sa du
og eg løfta blikket,
såg at halve fjeset var vekke
og resten hadde dette gustne lyset
me tenkjer på når me høyrer ordet gjenferd

så rart, kviskra du, at du forsvinn
på denne måten

endå var det nokre månadar att
til heile spegelbiletet var borte,
men på den tida hadde eg slutta å opne auga

ingenting spelte lenger noko rolle

 

søndag 9. februar 2020

Den andre verda

i spegelen ser eg ein skugge
av meg sjølv, eit avtrykk
av den eg kunne vore
i ei anna verd

så handgripeleg, sårbar
eg er
medan skuggen i spegelen
kan ingen røre  -  ingen
kan bryte banda
som held han oppe

somme dagar freistar eg
å entre spegelen, møte mitt andre eg
med eit handtrykk,
skjelvande står eg framfor den blanke flata
medan blikket stadig glir vekk --

den andre verda er utanfor
mine fysiske evner,
eg kan aldri bli noko anna
enn eit taust vitne

til dette uknuselege

 

tirsdag 24. oktober 2017

Menneske og konstruksjon



refleksjonar av det storslegne,
det vi menneske kan
bygge saman – bygge opp
til noko endå større

så går vi der
med våre puslete føter
og tankar – streifar
innom
i utkanten av
dei store mysteria; dei verkeleg store

at hjartet bankar seg fram
gjennom tida
stødig og trufast

at føtene kan flyttast mot eit mål
berre ved ein tanke

at lydane vi formar i lufta mellom oss
vert ståande som bruer
mellom mitt hjarte og ditt
- at vi forstår kvarandre –


søndag 19. oktober 2014

Indre dialog



verda speglar seg
i seg sjølv,
her den snurrar
i einsam majestet
gjennom galaksen

den kan ikkje
samanlikne seg
med nokon;
dei er alle livlause
og tause,
verda finn ikkje
gjenklang
nokon stad

og må vende seg
til seg sjølv
for respons,
og får alltid same svar:
eit svakt skuldertrekk;
kven veit –





(Søndagstema i farge og s/k)

tirsdag 28. januar 2014

Imitasjon #4




Kan denne spegelen lagre
alle orda, alle fraser som er sagt,
både av godt og vondt
og bere det med seg
til alle dei som seinare står her
og vurderer seg sjølv
- eller, vurderer den personen
som dei andre trur at dei ser
når dei ser det som spegelen viser –
og lar orda henge i lufta, orda
strekke sine lange fangarmar,
som usynleg tåke
og fylle rommet, heile bildet?

Det kan jo vere,
kva veit vel vi
om speglane sitt indre liv

i alle tilfelle
er det beste å vere forsiktig med orda,
så det som kjem attende
er godt –