Viser innlegg med etiketten svart/kvitt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten svart/kvitt. Vis alle innlegg

fredag 7. desember 2018

Les eg lyden



no les eg lyden
av kopimaskina
eg kallar det
å skrive livet sitt i fargar
som passar til auga;
at på slike regntunge
dagar som denne
flyt lyden av ei takt-
fast kopimaskin saman
med regnet og tårene
og dei grå spettane
i iris

og eg les lyden
som lyden av eit
verkeleg liv



fredag 9. november 2018

Noko var innom




kanskje kan me knuse
denne draumen
at noko verkeleg var der;
            at der var ein sommar
            at der var        noko
nytt, som liksom passa inn
endå me ikkje visste kva det var

kanskje kan me knuse draumen
og viske ut minnet –
men kvar celle i kroppen        vil hugse


fredag 15. september 2017

Så er eg her




midt i livet
midt i byen – her
eg står, går, lever
er ein maur i flokken
på veg frå der eg kom
på veg til – nye stader
menneske, opplevingar
som ligg der
endå ulevde, endå utanfor tida
endå ukjende – ei stund til

så er eg her
midt i livet
midt i tida – her
eg er, pustar, finst
som eit under, eit mysterium
for tanken – eit meisterverk
så ulik alle andre
og likevel så liten
på den store globusen
eit støvkorn i universet

så er eg her –
no
og no


og no


og                          no



onsdag 24. februar 2016

Spel


dette er ikkje eit spel
for galleriet,
det er for store smil
og tilfeldige treff -

der reglane skiftar
alt etter - og i samspel med
humør og fantasi
og det som elles måtte inntreffe

og motspelaren
er ein medspelar
i gleda!

søndag 18. januar 2015

Nye sjansar



1
det er så mange dagar
sidan løfter vart gitt

dagane låg der – framfor
uskrivne som ei snødekt vidde
og no –

kvart einaste skinande ord
ligg flekkete, trampa i bakken

og mismotet kan fylle den
som prøver å halde dei reine –




2
fatt mot
er bodskapen frå kruttmakaren

det kjem nye sjansar
etter neste snøfall