1
det
er så mange dagar
sidan
løfter vart gitt
dagane
låg der – framfor
uskrivne
som ei snødekt vidde
og
no –
kvart
einaste skinande ord
ligg
flekkete, trampa i bakken
og
mismotet kan fylle den
som prøver å halde dei reine –
2
fatt
mot
er
bodskapen frå kruttmakaren
det
kjem nye sjansar
etter
neste snøfall

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar