Spor
kor usikkert eit val av materiale,
ei visse om det forgjengelege -
her stod eg, ei stund
før snøen smelta og spora forsvann
og så
ikkje meir å finne
hadde eg kunne trampa mine spor i stein,
kunne prenta mine initialar i stjernene
til kva nytte?
kven ville tene på det?
eg må trakke over meir solid og bestandig grunn,
for eksempel eit hjarte -
(Søndagstema i farge og s/k)
Fint skrive om spor i snø.
SvarSlettHar eitf fint minne om ein mann som eg kjøpte noko av..
Då eg ville betale sa han:
" eg skriv det på snøen...."
God ny veke !
Fint val med spår i snön, inte så stor skillnad på bilderna.
SvarSlett