Viser innlegg med etiketten søndagtema. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søndagtema. Vis alle innlegg

søndag 11. januar 2015

Spor


kor usikkert eit val av materiale,
ei visse om det forgjengelege -

her stod eg, ei stund
før snøen smelta og spora forsvann

og så
ikkje meir å finne

hadde eg kunne trampa mine spor i stein,
kunne prenta mine initialar i stjernene

til kva nytte?
kven ville tene på det?

eg må trakke over meir solid og bestandig grunn,
for eksempel eit hjarte -



(Søndagstema i farge og s/k)