smerta
stakk meg
som
ville knivar
gjennom
– frå den verda
eg
trudde eg kjente
plutseleg
falt alt i grus,
eg
mista fokus, mista retning
mista
syn for alt anna
enn
det som såra
og
retta fokus innover
i
mitt eige mørke,
falt
gjennom ei natt
eg
trudde aldri ville ende –
men
smerta minka,
kledd
i silke, lin,
dempa
og gøymt
kapsla
inn, i mitt indre
år
går, eg kapslar vidare,
vernar
om mi smerte
som
no er som eit stumt rop
i
bakgrunnen av alle mine handlingar
kapsla
inn, som ei perle,
gøymt
djupt i hjartet
- minner
meg på det knuselege
i
det å vere til, alt som kan breste
renne
ut som sand mellom fingrane,
i
ei verd med nye fargar, nye kart
og
du er der, som ei stille smerte,
ei
glede, ei sorg, noko eg aldri kan miste –
#2 år
I dag er det to år sidan eg starta å skrive på denne bloggen. Ting har endra seg sidan den gongen. Det som begynte som ein "klagemur", har blitt til noko meir. Det er ikkje lenger sorga som dominerer, det er ikkje lenger smerte og klage som er hovudmotivet for det eg skriv. Likevel, saknet er der. Det gjer ikkje vondt lenger, smerta er kapsla inn og skjult, men eg undrar meg endå, av og til: Kva om... tenk om... korleis hadde alt vore... Utan at eg dvelar noko vidare ved det. Ting er som dei er, ein kan ikkje kontrollere alt her i livet og det nyttar ikkje å henge seg opp i "tenk om". Alt vi møter set likevel sine spor, og dette er eit djupt spor i mitt landskap...