Viser innlegg med etiketten raud. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten raud. Vis alle innlegg

tirsdag 13. oktober 2020

Raude spor

det var raude spor eg følgde,
raude merke
i den gule skogen

like til grensa av verda
følgde eg merkene
som ikkje lenger hang fast i bakken
men kleba seg til sko og hender

like bortanfor verda
gjekk eg etter raude fotspor
som ikkje lenger festa seg til klede
berre
men trakk inn i huda, inn i blodet

laga ein sti frå hender og føter
og inn til hjartet
farga det raudt

slik spora eg følgde
heilt til endes
og alle spor og alle steg
smelta saman
til ein ny identitet
som no er meg


lørdag 17. oktober 2015

Raud



1
blodet som brenn, kokar
raudt i dei mørkaste krokar;

let meg føre i båt ned ei elv
mot eit hav, og ein syngande kvelv

kjenner att den eldgamle låten
som bankande blod under båten;

noko brenn, noko dør
vår verd har fått endra kulør




2
her gjekk dei med orda som våpen
trampa ned kjærleik og lengt;
kven kjenner dei djupaste spora –

det var dette eg såg, siste dråpen
no er vegen blitt skotsikkert stengt;
me er fangar bak tankane, orda –




3
å, denne sommarlege lengten
som lyser for auga, for sinnet
og bileta, lydane, orda
som malar seg sterkt over minnet

kor frostnatt og snøfall kan krevje
vår merksemd og auge og hand,
men minnet om sommar kan lyfte
eit hjarte mot lysare land!



(Fototriss)