Viser innlegg med etiketten fugl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fugl. Vis alle innlegg

torsdag 1. oktober 2020

I eit bilde

eg ser eit bilde
inst i eit bilde
på veggen

over ein spegel
sit fuglen og plystrar
sin triste melodi

tårene fell på teppet,
vert ei elv, ein foss
eit stryk over fiolinen

så spreier sprekkane seg
over heile glasflata
og bildet som før var knust

vert heilt
sett saman til det nye
som er slik det skal vere

plystrar fuglen
og forsvinn


lørdag 22. august 2020

Kjærleiken er eit skjold

kjærleiken er eit skjold
syng fuglen
den vesle grøne fuglen
me alltid høyrer
rett før sola fell bak fjella
og månen endå er både ny
og rund

set skjold mellom avgrunn og håp
kvitrar fuglen,
syng ein song om kjærleiken
som er
eit skjold
for hjartet

tonane flyt som ein surrande bekk
mellom husa

den vesle grøne fuglen
er i hjartet
og kjærleiken er

berre
               er


tirsdag 7. juli 2020

Fred

gransongaren stirer på meg
frå den grøne greina si
høgt over bakken

eg stirer forarga tilbake,
likar ikkje det stirande blikket
og den stive nakken

eit sleng med hovudet
som i hovmod, ei betrevitande plystring
over kjente tema

så eg går tilbake til stien,
opnar sekken
og tek ut tursjokoladen, ser på den

ei heil plate, smeltande mjuk
mot ganen, ei smertefull glede
tyngjer mot magesekkveggane

hendene skjelv når eg opnar papiret
bryt av ein stor bit
som sakte spreier sin aroma under skyene

resten lukkar eg inne i papiret
tek sats
og slengjer så presis eg kan etter fuglen

han lettar, forsvinn
mellom lauvtunge tre,
igjen kan eg kjenne freden i hjartet


tirsdag 31. mars 2020

Erkjenning

eg, som var ein fugl, eg
som hadde dette svevande over meg
og det store luftdjupet under meg

dagar i glideflukt
over dei vide hava

eg, som ikkje kjende smerta
i det faste, urørlege, det
å aldri kunne skifte synsvinkel

alt hadde eg sett
men utan å forstå

for då dei nattsvarte tidene kom
og vengene ikkje lenger ville bere
og lufta vart ei hindring
        den store himmelkvelvingen ein 
hån
medan eg kava og streva
for å overleve

var det utsikta, dei skiftande viddene 
eg sakna mest,
og eg visste at det var dei, desse 
endelause perspektiva
som var mitt eigentlege eg

og no var det teke frå meg,
eg var ikkje lenger meg sjølv


torsdag 19. mars 2020

Knepp

stille, som eit knepp
me opnar auga, stirrar i taket

stille
stille
eit knepp til, og eit til

noko lettar frå taket,
let etter seg spor
av fortid

ei vengje i natta
flyg over trea 
over enga
over skogen
over fjella
og bort

me ligg stille
auga vende mot glaset

ingen fleire knepp,
sakte vender me auga mot kvarandre,
ser omrisset av ansikt
i natta - farga av måneskinet

i morgon vil spora vere vekke
og vengjene vil bu i hjarta våre
trass stilla
etter stilla

fredag 17. januar 2020

Speidar

det bur ein fugl i kvart blikk,
ein syngande fugl
i kvart lengtande lysglimt på jorda

så opnar du auga
og slepp han ut i verda,
syng ein song om det vakre, let deg sjå
det store underet
i dei små tinga

om kvelden vender han heim,
lukkar seg inne bak trøytte augelokk,
heile natta kviskrar han
om det som skal kome