Viser innlegg med etiketten spegel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spegel. Vis alle innlegg

torsdag 1. oktober 2020

I eit bilde

eg ser eit bilde
inst i eit bilde
på veggen

over ein spegel
sit fuglen og plystrar
sin triste melodi

tårene fell på teppet,
vert ei elv, ein foss
eit stryk over fiolinen

så spreier sprekkane seg
over heile glasflata
og bildet som før var knust

vert heilt
sett saman til det nye
som er slik det skal vere

plystrar fuglen
og forsvinn