Viser innlegg med etiketten tåre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tåre. Vis alle innlegg

torsdag 1. oktober 2020

I eit bilde

eg ser eit bilde
inst i eit bilde
på veggen

over ein spegel
sit fuglen og plystrar
sin triste melodi

tårene fell på teppet,
vert ei elv, ein foss
eit stryk over fiolinen

så spreier sprekkane seg
over heile glasflata
og bildet som før var knust

vert heilt
sett saman til det nye
som er slik det skal vere

plystrar fuglen
og forsvinn


onsdag 22. juli 2020

Uvissa

me jublar
gjennom alt dette ukjente
ingen veit, ingen kjenner
kor hardt me kan ta inn over oss
og gå vidare
så me jublar
med det eine auget

blunkar vekk ei tåre med det andre

samtidig vrir hjarteklokkene sakte om
som ei skruestikke
i brystet
endå ein runde


fredag 20. mars 2020

Prinsessetåre

den vesle prinsessa
i rommet der malinga flassar,
eit grønt tre
i ei grå verd

den store stova
i det vesle huset,
ei prinsessetåreelv på avvegar

       dråpen som renn over eit golv
       fossar over dørstokken
       og ut i verda, ut i sola

       vert slukt av den flammande varmen --

kvitt flass frå tak og veggar
som snøkrystallar
i ei glaskule

vesle prinsesse, malplassert
i eit landskap
ho ikkje forstår