Viser innlegg med etiketten prinsesse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten prinsesse. Vis alle innlegg

fredag 20. mars 2020

Prinsessetåre

den vesle prinsessa
i rommet der malinga flassar,
eit grønt tre
i ei grå verd

den store stova
i det vesle huset,
ei prinsessetåreelv på avvegar

       dråpen som renn over eit golv
       fossar over dørstokken
       og ut i verda, ut i sola

       vert slukt av den flammande varmen --

kvitt flass frå tak og veggar
som snøkrystallar
i ei glaskule

vesle prinsesse, malplassert
i eit landskap
ho ikkje forstår