Viser innlegg med etiketten jubel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jubel. Vis alle innlegg

onsdag 22. juli 2020

Uvissa

me jublar
gjennom alt dette ukjente
ingen veit, ingen kjenner
kor hardt me kan ta inn over oss
og gå vidare
så me jublar
med det eine auget

blunkar vekk ei tåre med det andre

samtidig vrir hjarteklokkene sakte om
som ei skruestikke
i brystet
endå ein runde


søndag 17. mai 2020

Fridomsarv

me held flagget
med korsmerket
i veivande hender

ser at noko er større
enn oss sjølve,
endå me ser det frå ulike vinklar

kjenner takksemda
for ein fridom me har arva,
ei glede som ei gåve
frå tidlegare tider

kjenner jubelen
djupt i dei indre magmastraumane,
som eit fundament
for alle andre kvardagar


tirsdag 4. februar 2020

Første plass

å kunne overraske alle,
berre dundre til
i denne sporten
alle veit eg ikkje kan

og så er det sjølvaste eg sjølv
som står der
med pokalen i handa
og alle gløymer heilt å juble,
berre gispar i undring og forundring

er det - ?
kan det - ? verkeleg - ? vere - ?
mumlar dei
medan hjernen har begynt å leite
etter ei forklaring 

        ei - anna - forklaring 
        ei logisk forklaring

så jublar eg og smiler
og undringa går over i sinne;
måndag morgon
kjem ein storm med klager
til el-butikken   ---    det er noko gale

med fjernsynsapparatet