Viser innlegg med etiketten stille. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stille. Vis alle innlegg

mandag 19. oktober 2020

Eg stiller dei opp mot kvarandre;

likskapen mellom eit måkeskrik

og stemma som mumlar inst i øyret

når eg høyrer orda du lar vere å seie til meg

er påfallande stor


det er som akslingen i eit stort sykkelhjul

skramlar rundt, med øydelagde hjullager

og knekte spilar


nektar likevel å gje slepp 

på si eiga historie, held fast, knugande

med sanninga skjult mot hjartet

og auga på leiting etter ein utveg;


men orda dine kviler stille

i rommet der alle usagte ting bur

og alle mine protestar til tross

vil luftbølgjene aldri kome min veg



lørdag 1. august 2020

Stilla går

stilla går her mellom oss
frå hand til hand
som ei gåve me gir vidare
utan først å eige den

berre lene seg mot det ein lengtar etter
og la tvilen komme alle ting til gode

så smiler stilla litt vemodig,
ruslar vidare inn i haustnatta
og me har allereie gløymt ho ut
i larmen frå byen
som vender tilbake som ei brusande elv;
riv oss med
i virvelen


torsdag 19. mars 2020

Knepp

stille, som eit knepp
me opnar auga, stirrar i taket

stille
stille
eit knepp til, og eit til

noko lettar frå taket,
let etter seg spor
av fortid

ei vengje i natta
flyg over trea 
over enga
over skogen
over fjella
og bort

me ligg stille
auga vende mot glaset

ingen fleire knepp,
sakte vender me auga mot kvarandre,
ser omrisset av ansikt
i natta - farga av måneskinet

i morgon vil spora vere vekke
og vengjene vil bu i hjarta våre
trass stilla
etter stilla

mandag 13. mars 2017

Eg såg eit glimt av stilla


vinterkulda gjennom alle
stilkar og strå
nakne, kalde greiner
utan lauv

lyset vaker i overflata
set seg til i skogen
stirrar på vintermenneska
med si bleike, lengtande hud

for eg såg eit glimt av stilla
i vinterauga dine
det blå lyset reflekterte noko djupare,
eit tidleg hint av varme -

og lyset vil stige fram
endå ein gong, i si tid
og jorda vil endå ein gong spire
og blomar vil vekse 

ut av vinterstilla


torsdag 16. februar 2017

Venterom





tida står stille her
i ventetida sin ytterkant

på utsida av verda
der nesten ingenting finst –

eg er i mitt eige univers,
alt som tel er stilla

og den totale mangelen på alt
som ikkje er akkurat her, akkurat no


fredag 20. januar 2017

Natt


eit stille sus av vind
mellom elles stille tre -
vegen ned til sjøen
ligg i skugge
- men eg kjenner den 
som min eigen pust

her nede er eg fri,
som bølgjene skvulpar 
mot bryggjestolpane

eit einsamt lys
over kaia - kvardagen er ein annan stad

det er ein roleg kveld
eg kan endeleg høyre hjartet mitt banke -


tirsdag 27. januar 2015

Lyden av lyd i dvale



eg høyrer lyden av stilla
som eit filter
over heile landskapet




høyrer på fråværet av rørsle
og ser det ikkje-eksisterande
kaoset etter stormen




lyttar til orda som ikkje vert sagt
ytringar stilt opp på rekke
og arkivert – djupt inne





for alt er i dvale no, orda søv
sin søvn for venleik
i denne kvila før vekstsesongen –