dei som vandrar oppned over måneflata
og set seg på kraterkanten, kikkar
ut i det store svarte
ser jorda segle likegyldig forbi
som om ingenting har hendt
berre det blå og det grøne og det kvite og det brune
i stille sirkulasjon
tømt for meining, tømt for ord og hud
kanskje er der ein napoleon, eller ein viking
ein holemann, ein dinosaur, ein einstein, det
er ikkje godt å seie
for alt det menneskelege er redusert til ingenting
på denne avstanden
det er så herleg stilt
seier den eine
og den andre nikkar, tømmer kaffi i kruset
og sukkar fornøgd



