lyden
av mitt eige hjarte
i
takt med bølgjene,
det
store havet pustar stille –
vinden
dyttar tålmodig på vatnet
og
stryk meg varsamt over huda
før
den startar dei tunge klyva
mot
fjella bakanfor
her
flyt det skjulte materiale
som
aldri vil forsvinne,
som
minne om slag, vondord
nedbrytande
blikk
alt
det vi menneske gjer
som aldri skulle vore gjort –
nokre
tankar
treng
milliardar av bølgeslag
før
dei løyser seg opp

