Viser innlegg med etiketten havet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten havet. Vis alle innlegg

mandag 14. mai 2018

Som andedrett



lyden av mitt eige hjarte
i takt med bølgjene,
det store havet pustar stille –

vinden dyttar tålmodig på vatnet
og stryk meg varsamt over huda
før den startar dei tunge klyva
mot fjella bakanfor

her flyt det skjulte materiale
som aldri vil forsvinne,
som minne om slag, vondord
nedbrytande blikk

alt det vi menneske gjer
            som aldri skulle vore gjort –

nokre tankar
treng milliardar av bølgeslag
før dei løyser seg opp


lørdag 2. mai 2015

Vegen til havet


1

vegen til havet
går gjennom
ditt eige hjarte

lengten som trekk deg
steg for steg nærare
surklande bølgjer mot berg

og dei usynlege hendene
ber deg stadig nærare
dette store, uforståelege

som du veit er sjølve basisen,
eksistensgrunnlaget
for varmen i blodet




2
her ute får lengten vengjer,
strekk seg lenger ut
enn auga som ser

her, ved dei ukjente djupa
kan du høyre ekkoet
frå dine eigne djupner

her er det berre du og havet
og dette usynlege bandet
som bind dykk saman




3
seglarane finn sine vegar,
dei som vågar
er alt på veg

kan du bere denne tyngda
denne gnagande uroen
frå ditt inste eg;

at også du kunne vere der ute
som ein svevande skugge
over avgrunnen

at også dine lengslar og håp
kunne få sitt svar i dette
som er så mykje større enn du –




(Fototriss. Coolstuff)