Viser innlegg med etiketten framtid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten framtid. Vis alle innlegg

tirsdag 21. juli 2020

Endå skjult

eit digert grønt eple
gøymt i blomen

ei skinande sol, gøymd
i sky av støv
bak auga, inst i hjartet

eit innpakka tre
i frøet, fyller lomma
håp

i vatnet skjult i skya
dampande framtid
i regn
som endå ikkje har falt
tid som endå ikkje
har gått

skal
        endå
                  ikkje
sprengt


søndag 31. mai 2020

Den riktige sida av sommar

det er den riktige sida av sommar
vrangsida snudd på vranga
slik at hjartet får puste
og føtene står og trippar i nydusja grus

her bryt livet overflata
og svevar opp frå vatnet
durar som eit sjøfly
langs solstrålane over senga

landskapet opnar seg - det var tunge dører!
og no er dei ikkje berre opne
men vekksmuldra og knuste

ingenting kan stoppe oss no
vegen fører berre framover
og dagane ligg ubrukte i glatt innpakningspapir med sløyfe,
klare for dine ivrige
barnehender


tirsdag 18. februar 2020

Framtida, no

heile verdas framtid
ligg på mine skuldre

i auga mine
bur morgondagen, gårsdagen
har flytta inn i minnet

eg ber den med meg
som ei verktøykasse, hentar opp
det eg treng

om dagen skulle bli litt for grå;
det snåle tapetet som alle lo av
og eg humrar for meg sjølv, ja

det var noko
det

men morgondagen, lyset
som no trengjer seg veg 
gjennom den glødande sola
og om nokre timar

skal sveve gjennom det store tomrommet
over hovudet mitt og heilt inn
i auga

der morgondagen ventar, og framtida
som strøymer inn frå alle kantar

ligg på skuldrene mine, kviler
i påvente av at eg skal gjere noko
med alt dette lyset, denne tida

som eg får servert så delikat
når vekkerklokka har ringt frå seg

fredag 28. september 2018

Det kloke i veggen




alt desse veggane veit
av rett og gale;

etikken er lukta av fuktige støvlar
lovene seier rekke på rekke
            med framtidsobjekt

for her spring dei om kapp
eller hoppar paradis
notida og framtida – saman

og normene kryp som usynlege maur
i korridorane, festar seg til hjernane

byggjer noko større av det store
noko betre av det gode, noko klokare
ved enden av kalenderen –



fredag 8. juni 2018

På kanten av verda




her, ytst på kanten

av det kjente terrenget

med heile verda ventande

som eit brølande hav

der ute



her, med hjartet stille vakande

som ei usynleg krokodille

under stille vatn,

berre auga avslører

            dei svimlande djupnene

under lysbrytingsflata



her

akkurat her

vert framtida danna




søndag 31. desember 2017

Alt vi ikkje visste



alt vi ikkje visste
i 1979
at Gorbatsjov skulle ende
den kalde krigen
at Saddam Hussein
skulle setje oljebrønnar i brann i Kuwait
at Tsjekkoslovakia skulle rakne i fred
at Jugoslavia skulle rakne i krig
at tvillingtårna skulle falle
at Berlinmuren skulle falle
at Afghanistan skulle falle
i hendene på Taliban
og IS herje med bomber i Europa
at Syria skulle falle
i eld
at sjølve feriehavet skulle bli
ei grav for så mange på flukt

alt vi ikkje visste
i 1979
då vi telte ned, frå 10 – 9 – 8 –
mot det nye tiåret

alt vi ikkje visste –
alt vi ikkje veit
i 2017 –