alt
desse veggane veit
av
rett og gale;
etikken
er lukta av fuktige støvlar
lovene
seier rekke på rekke
med framtidsobjekt
for
her spring dei om kapp
eller
hoppar paradis
notida
og framtida – saman
og
normene kryp som usynlege maur
i
korridorane, festar seg til hjernane
byggjer
noko større av det store
noko
betre av det gode, noko klokare
ved
enden av kalenderen –