Viser innlegg med etiketten lego. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lego. Vis alle innlegg
søndag 7. oktober 2018
lørdag 19. mai 2018
Transkripsjon av ein legosong*
opp
i lufta
liggje
og sove
lande
på beina
eller
på hovudet
viss
du vil bli med
opp
i lufta
så
skund deg å bli med
alle
menneske
skal
opp på scena
og
denne
den
skal stå bak
men ikkje du tjuven
eg har bestemt meg
du skal ikkje opp på scena
opp
opp opp på scena
når
du dansar kan du vere fri
vi
er hekta på musical.ly
når
vi dansar
vert
vi så spreke
tusen
takk for oss
*Dei to jentene mine sat ved bordet og leika med lego i går, og då er det alltid mykje synging. Teksten i dette diktet er ei direkte nedskriving av ein del av songen som dei spontant dikta medan dei leika. Ikkje uventa kom det med ei linje frå "Pop Drop Dab"...
søndag 15. september 2013
Inn i nye dimensjonar
Rett før avgang – alt er sjekka
Alle deler er på riktig plass
Du er klar
Til å lette
Til å setje fantasien i sving
og springe gjennom rommet
som endrar karakter – etter behov
Eg ser gleda i auga dine,
den same gleda som lyste av mine auge
den gong det var eg som sprang
og det var mine klossar
som snurra og flaug
eller køyrde gjennom andre dimensjonar
tilbake til vikingtida, eller fram til
ei framtid
så fjern at den endå ikkje er tenkt
av nokon andre
Du flyg med klossane, du snakkar med
folka
Snart vert dei pakka ned i øskjer
og du flyg sjølv ut
i den verkelege verda –
Kan du då halde fast på denne timen?
Kan du prøve å hugse tilbake,
til flygande klossar
og nedstøva dimensjonar,
la minna løfte deg opp
når verda vert altfor… verkeleg…
(Mitt bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert: Fantasi)
tirsdag 30. april 2013
Nostalgi/6080
6080, 6392 –
Kven kan
vel gløyme tala,
lysande nummer
langs vegen
mot den
vaksne verda?
- ok, eg
hugsar dei ikkje…
Men eg
hugsar kva dei stod for,
og
lengselen dei skapte
for ein ung
og håpefull,
om enn
realistisk
legoentusiast,
som visste
at sjansane nok var små -
Likevel!
Draumane på
kanten av senga,
der
legokreasjonane stod på rekke og rad
og venta på
6080, 6392 –
var
levande, og auga stira seg store og runde,
vart trekt
mot dei glansa bileta
Eg lagra
kvart einaste hefte,
endå dei
var prikk like
og draumen
ikkje kom nærare – likevel
likevel håpe
ja, håpe likevel på at kanskje --
til jul… eller neste
bursdag… eller i sommar…
Abonner på:
Innlegg (Atom)