Viser innlegg med etiketten ynskje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ynskje. Vis alle innlegg

søndag 3. mai 2015

Måneskot



han hang på vippen,
siste runden
gjekk vel fort

så det vart skrens
og ei rulle i sakte fart
nedover fjellsida

under låg fjorden stille
med attlatne auge;
ynskjer…

ein storm frå vest
ein fønvind frå aust
snøflak som smeltar mot overflata
eit islokk, ei sommarsol
badelatter og snekker
med taktfaste bylgjer
mot rullesteinsstrendene

teier viseleg stilt
så alt skal få skje i si tid


tirsdag 5. august 2014

Viss vi berre...


viss vi berre
tenkte gjennom alle orda
før vi sa dei

viss vi berre
høyrde meir på hjartet
enn på fordomane

viss vi berre
kunne elske naboen like høgt
som oss sjølv

viss vi berre
hadde brukt alle tinga som leigd
ikkje eigd

viss vi berre...



#kong Bele

Her har kong Bele sitte og fundert og sett utover Sognefjorden i mange lange år. Då eg var liten, var han kjekk å klatre på. I desse tider fristar benken mest...

tirsdag 30. april 2013

Nostalgi/6080



6080, 6392 –
Kven kan vel gløyme tala,
lysande nummer langs vegen
mot den vaksne verda?
- ok, eg hugsar dei ikkje…
Men eg hugsar kva dei stod for,
og lengselen dei skapte
for ein ung og håpefull,
om enn realistisk
legoentusiast,
som visste at sjansane nok var små -

Likevel!

Draumane på kanten av senga,
der legokreasjonane stod på rekke og rad
og venta på 6080, 6392 –
var levande, og auga stira seg store og runde,
vart trekt mot dei glansa bileta

Eg lagra kvart einaste hefte,
endå dei var prikk like
og draumen ikkje kom nærare – likevel
likevel håpe
ja, håpe likevel på at kanskje --

til jul… eller neste bursdag… eller i sommar…

onsdag 16. januar 2013

Mindre



Om eg skulle ynskje meg noko –
Om du bad meg skrive ei liste
over det eg ynskjer meg mest
ville eg skrive

Mindre!

Mindre vald, mindre våpen
Mindre kulde, mindre hat
Mindre egoisme
Mindre narsissisme
Mindre gråt, mindre smerte, mindre frykt
Mindre prating bakom ryggar
Mindre pengar under bordet
(eller over bordet, for den del)
Mindre misbruk, mindre einsemd
Mindre død og mindre sjukdom

Mindre mitt og ditt og hald deg unna
Mindre flytt deg vekk for her kjem eg
Mindre dette klarar eg aleine
Mindre her er det inga hjelp å få
Mindre

så mykje mykje mindre

Dessverre er mindrelistene
mykje hardare å oppfylle enn
meirlistene