han
hang på vippen,
siste
runden
gjekk
vel fort
så
det vart skrens
og
ei rulle i sakte fart
nedover
fjellsida
under
låg fjorden stille
med
attlatne auge;
ynskjer…
ein
storm frå vest
ein
fønvind frå aust
snøflak
som smeltar mot overflata
eit
islokk, ei sommarsol
badelatter
og snekker
med
taktfaste bylgjer
mot
rullesteinsstrendene
teier
viseleg stilt
så
alt skal få skje i si tid
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar