Viser innlegg med etiketten måne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten måne. Vis alle innlegg

tirsdag 30. juni 2020

Måne med ryggen til

om natta
vaknar graset,
dansar sine mjuke dansar
i skuggen av ustadige bjørketre

det er som eit hav
med ukjente djupner

dei som har sett det
og våga seg med
har aldri meir blitt sett

--

månen gøymer dei triste auga,
veit så mykje
seier så mykje
mindre

alt vert gjettingar
men huda høyrer og trur kvart ord




tirsdag 26. mai 2020

Mot ei overflate

føter som går andre vegar
gjennom stille bygater,
vender tilbake
til utgangspunktet

hoppar over pyttar
utvida til djupe sjøar;
ein hai svingar dovent
gjennom gågata

hus som krympar, trekk saman
og bles seg opp att,
pustar skyer av damp
mot den nattsvarte himmelen

sola er ikkje lenger rund
månen syng ikkje lenger
over ulvehyla

dei dansande føtene
står stille, auga letne att
eg kyssar deg med fjørlett berøring

hud som tinar, sol som står opp
ein ny dag stig fram
med eit geisp


torsdag 7. mai 2020

Mot morgongry

andedrettet i det skjelvande graset
bakken som ristar svakt
medan pusten går ustanseleg
inn i natta

månen glir sakte over himmelen
dreg graset til seg
i ei saktefartbølge
mot morgongryet

slår innover augelokka -
me kan høyre spadane
i dei store sandhaugane
skyflar sandkorna unna

så vert støvet fanga i vinden
bles inn over skjelvande gras
i ein innpust frå jorda
- ein annan stad

me står opp, ristar søvnen av oss
stig ut i dagen

månen er borte
ei forandra stille ligg att

fredag 17. november 2017

Alt rundt



eg er ikkje redd for månen,
denne ukjente, runde kula
som skjuler så mange
mysterium – eller

kanskje er den berre sand,
steinar, aude ørkensletter
sirkulerande rundt
sin frodige storebror

nei, eg fryktar ikkje månen;
det er alt det andre
alt rundt,
det store, vide, endelause rommet –
som bles liv i det tause monsteret
alltid kvilande under fornufta


søndag 3. mai 2015

Måneskot



han hang på vippen,
siste runden
gjekk vel fort

så det vart skrens
og ei rulle i sakte fart
nedover fjellsida

under låg fjorden stille
med attlatne auge;
ynskjer…

ein storm frå vest
ein fønvind frå aust
snøflak som smeltar mot overflata
eit islokk, ei sommarsol
badelatter og snekker
med taktfaste bylgjer
mot rullesteinsstrendene

teier viseleg stilt
så alt skal få skje i si tid


tirsdag 15. oktober 2013

Tom for ord




Eg vakna i natt, utsveitt og varm
med bankande hjarte
og store auge,
for draumen var nær
så verkeleg nær
og skremmande vakker og vill;

Eg drøymde om skogar,
fjell som kneisa over avgrunnar
djupe som svartmalte hav

På toppen av ei klippe,
så høg og så bratt
at ingen før hadde sigra og vunne,
der stod eg, breibeint og stolt
med hår som blafra i vinden
(og der burde eg teke eit hint)

Langsamt lyfta eg hendene til munnen
og ville rope mi glede, rope mi sorg
rope til all villskap kunne renne vekk
og berre kjærleiken liggje att
som eit skylag, ein dis, rundt føter og klippe

Eg ropa og ropa, tømte mitt hjarte,
til slutt var det heilt tomt for ord

heilt tomt

for ord

og eg stokk, ei rysting gjekk gjennom kroppen
ein skrekk som ikkje slapp taket,
ikkje før eg vakna med eit rykk
og kunne riste av meg den vonde kjensla

tom for ord...
verre kan det ikkje bli