Viser innlegg med etiketten gras. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gras. Vis alle innlegg

torsdag 7. mai 2020

Mot morgongry

andedrettet i det skjelvande graset
bakken som ristar svakt
medan pusten går ustanseleg
inn i natta

månen glir sakte over himmelen
dreg graset til seg
i ei saktefartbølge
mot morgongryet

slår innover augelokka -
me kan høyre spadane
i dei store sandhaugane
skyflar sandkorna unna

så vert støvet fanga i vinden
bles inn over skjelvande gras
i ein innpust frå jorda
- ein annan stad

me står opp, ristar søvnen av oss
stig ut i dagen

månen er borte
ei forandra stille ligg att

fredag 1. mai 2020

Hud som brenn

verda kler på seg mai,
sveipar seg i grøne skot
og solfylte flekkar

let seg senke ned i det blå,
eit djupdykk i eigne håp, eigne draumar --

på djupet, der pusten ikkje kan trekkast
og lengt er ein kapsel å bu i

så bryt ein overflata
sug til seg alt verda har å by på
og ler mot varmen i sola

slik møter eg denne dagen
slik vaknar eg og går ut på det spirande graset
med berre føter og hud som brenn
etter deg


tirsdag 21. april 2020

Alt som skal til

våren tuslar rundt i hagen
fiksar litt her
fiksar litt der

set seg ned på plenen, lenar seg fram
og legg seg beint fram til
å sjå på graset gro

tid, kviskrar ho, tid...
alt som skal til
er tid