Viser innlegg med etiketten hud. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hud. Vis alle innlegg

fredag 10. juli 2020

Lag på lag

hud utan på hud
er orda dine eit skal
eg kan knyte om meg

eller tre ut av
som eit slangeskinn
ligg att, noko utbrukt

---

ny hud kan rullast på,
spraymala lag
gjennom telefonrør

ei tåke å springe i
lukke molekyla inne
og kneppe att
når det er fullt

---

smilet ditt festa seg ytst
og smelta gjennom,
svir varmt og søtt
mot mitt inste eg --


tirsdag 30. juni 2020

Måne med ryggen til

om natta
vaknar graset,
dansar sine mjuke dansar
i skuggen av ustadige bjørketre

det er som eit hav
med ukjente djupner

dei som har sett det
og våga seg med
har aldri meir blitt sett

--

månen gøymer dei triste auga,
veit så mykje
seier så mykje
mindre

alt vert gjettingar
men huda høyrer og trur kvart ord




fredag 1. mai 2020

Hud som brenn

verda kler på seg mai,
sveipar seg i grøne skot
og solfylte flekkar

let seg senke ned i det blå,
eit djupdykk i eigne håp, eigne draumar --

på djupet, der pusten ikkje kan trekkast
og lengt er ein kapsel å bu i

så bryt ein overflata
sug til seg alt verda har å by på
og ler mot varmen i sola

slik møter eg denne dagen
slik vaknar eg og går ut på det spirande graset
med berre føter og hud som brenn
etter deg


fredag 21. februar 2020

Ein song om tap

der huset ein gong stod
er bakken no dekka
av hud, mjuk varm hud
som gir etter for trykk;
om du stryk handa sakte over,
let den følge mønster og konturar
påverke nervecellerøtene
som ein mild vårvind

kan du høyre ein stille song
sive opp mellom porene,
ein blå melodi som dirrar lik varm asfalt

svingar seg opp mellom greinene i trea rundt
legg seg som eit røyktak
og i skodda
kan du skimte omrisset
av huset som ein gong stod her
menneska som sprang gjennom dørene
songen som ein gong fylte dagen

huda pustar, sukkar
handa di vil aldri meir kjennast lik ut
etter møtet


lørdag 21. juli 2018

Soleiebarn #6




kvervlande tankar rundt dette eine
mysteriet;
at vi er ei menneskemengde
av kulørte sjeler

at huda vår skimrar fargesprakande
vakker som ein symfoni;
varme mjuke hudceller
over det raude, bankande blodet

under huda er vi alle nakne
bygde opp på same måten
av den same
altoppslukande
lengten
etter
kvarandre