me kjenner ikkje smilet
før etterpå
- er det eit smil
undrar me
medan impulsane rasar
frå hjerne
til ansikt
og noko boblar - ikkje blodet
men like utanfor blodet
på randa mellom kropp og ande
der boblar det fram
ei undring
over det som er i ferd med å skje
i ansiktet
alt før det skjer
kjenner me trekningane
som fantomtrekningar
i musklar som ligg klare
til å ta imot
så kjem det
boblar opp til overflata
der smilet manifesterer seg
i umiskjennelege grimasar
og det som boblar
boblar over
til alle rundt
