kvervlande
tankar rundt dette eine
mysteriet;
at
vi er ei menneskemengde
av
kulørte sjeler
at
huda vår skimrar fargesprakande
vakker
som ein symfoni;
varme
mjuke hudceller
over
det raude, bankande blodet
under
huda er vi alle nakne
bygde
opp på same måten
av
den same
altoppslukande
lengten
etter
kvarandre
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar