søndag 8. juli 2018

Det blinde regnet #4




straumen av levd liv
nedover fjellsida –

ei elv av brukte tankar
ferdigdrøymde draumar
ord som har gjort sin misjon

ein straum av grumsete blikk
lydar utan kraft
handlingar ingen fekk sjå

og håp…
fortsatt så sprekkfullt av håp
at elva fordampar

fyller himmelen med tunge skyer
før den siste, vesle resten når havet
som ein bekk av anger og hjartesår


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar