Viser innlegg med etiketten draum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten draum. Vis alle innlegg

mandag 31. august 2020

Føndraum

vinden i store klyv
over bjørnekroppen
stille sovande
draum
om dagar som vaknar
vind som går

og likevel kjem
utan medvit

og bjørnen ristar
steinar i store sprang
på utpust, vinden
klyv
over bjørnekroppen
og vekk


fredag 14. august 2020

Dit me høyrer til

kanskje heng me fast
i den me ein gong var,
som ein silkekokong rundt lengten vår,
tullar oss inn i minne, i tankar
om tider som me allereie har levd

tullar oss inn i ein draum
om konsistens, om kontinuitet
og framhald

at der me var
er der me skal

og så kjem livet mot oss,
brutale bulder, eit steinras av hendingar
som flyttar på alt rundt oss

og draumen passar ikkje lenger inn i landskapet -

då gjeld det å klippe seg ut,
leite seg fram gjennom hemmelege gangar
til labyrinten ein gong tek slutt
og me kan stige ut i sollyset som nye menneske

som dei menneska me var meinte å vere:
i stadig endring
i omskifteleg ham, flytande på eit hav
som fører oss lenger og lenger inn
i det framande 

inn i den nye draumen, den me høyrer til i


fredag 17. juli 2020

Nokon på ein benk

det sit nokon på benken
medvitslause tankar
kvernar som sukkerspinn
mellom hendene

å halde andre sine draumar
på ei armlengds avstand, stirande
som knurrande svarthundar
rundt benken

nokon sit der
drøymer seg vekk
i eit mareritt som aldri slepp taket

så eg set meg
vil trøyste
rekk ut ei hand med blomar
men når ikkje
gjennom
stålmuren, isfasaden
dei djupe straumane
mellom meg

og denne nokon
som ikkje er eg sjølv



lørdag 27. juni 2020

eg ventar på det uventelege

dette er alt eg venta på

eit pust
mot natta
ansiktet ditt stig fram
frå draumen

navigeringspunkta
flyttar seg på himmelen

desse fyrlyktene
stod ikkje her sist

tusen gonger har eg gått på grunn
og lyfta båten laus,
sett den på graset i skogen
og latt vinden fylle store raude segl

eg venta på dette, det er alt
alt
seier eg ...

somme netter går tida baklengs,
dobbelt så fort som lyset
og eg er urøynd
i alt eg kan




mandag 22. juni 2020

Tunnel

det store lyset

midt i skogen

og i enden

ein tunnel

inn til det tomme rommet

med knuste vindauge

 

ei dør

tilbake til det verkelege livet

som startar

der eventyret

endar



torsdag 11. juni 2020

Restvarme

det er alltid det motsette
eg ventar på
det andre
som aldri skjer

ventar medan dagslyset nærmar seg
midtsommarnatta
og skuggane frys til is
i draumen om den andre sida

syng den triste melodien 
for meg sjølv
sit der du ein gong sat
og kan endå kjenne varmen 

mot ei hud som hugsar
betre enn auga
ventar på ei opning i terrenget;
at alle forvilla draumar skal komme heim

 

torsdag 9. januar 2020

Samansmelting

den andre meg,
eit ekstra lag under den eg er
kjem fram i regnet

set seg som ein narr ved kjøkkenbordet
flirer, ler, fortel usaklege vitsar
endå morgonlyset endå ikkje har vakna
og den verkelege meg
ligg i senga og drøymer

om blomar på flukt over plenen,
sleper røtene etter seg
i vill panikk,
medan vinden herjar i kronblada
og graset prøver å halde att
med samanfiltra rørsler

så kan eg vakne
og smelte saman med den andre meg,
møtast på midten, i eit moderat smil

ein symbiose med faste røter


tirsdag 12. november 2019

Kome att utan auge

i eit glimt såg eg inn i draumen
den var svart, som natta rundt

berre små lys, som blafrande stearin, lyste opp;

her var nokon som gøymde seg
her var nokon som var borte -

ingen kviskra namnet ditt,
ingen hengde opp bilete av handa di
som ein relikvie over døra,           nei, ingen
sa dei magiske orda eg visste høyrde til

for eg hadde høyrt dei før
og ville rope dei ut, rope dei inn
i motvinden

-

då vakna eg
og alle lys var borte 




torsdag 5. juli 2018

Det du ikkje ser




eg er ikkje fange her inne
i min eigen draum
om ein draum
for

fridomen er malinga på veggane
fridomen er teppene på golvet
fridomen er møblane eg flyttar på
kvar gong hjartet må takle eit svik –

no er det berre orda
som kan svikte meg
for orda er veggane
rundt denne lufta som også er fridom;
eg pustar fridomen
og tenkjer på deg –

du som er der ute
på andre sida av orda mine
og aldri vil kunne sjå
denne draumen om ein draum
om fridom





Maleri: Nenad Ignatic