Viser innlegg med etiketten svev. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten svev. Vis alle innlegg

fredag 23. februar 2018

Leik



ligge med breie vengjer på vinden
kjenne verda som ei flate
med to dimensjonar
og lufta som held deg oppe
som den tredje

og tida står stille
inni denne parentesen
der matjakt, uro og frykt
vert lagt til side

alt som tel er
du og vinden og svevet –

 

fredag 11. desember 2015

Møte verda



sleppe hjartet laust
som hundre ville fuglar
over framande landskap

reise seg, bestemt
frå førarsetet, slå motoren av –
kjenne stilla som eit heilt nytt nærvær

alt dette mjuke mot huda
let deg sleppe alle band;
flate ut med blikket mot stjernene

slik møter eg verda,
ser kroppen sveve
inn i endå ukjende tablå



lørdag 31. oktober 2015

I lufta



kva er vengene
anna enn oppstilte molekyl-
strukturar i system,
lina opp, sett saman, bygd
til fjører og feste,
foreina i eit dynamisk heile;
estetisk, praktisk
naudsynt

likevel – så unyttig
utan lufta å flyte på –




i denne høgda er eg
fri frå alle banda

fridomen er eit pusterom
så annleis enn det å vere fange

for eg kjenner lenkene,
kvart strammande tau

dei sit i minna
som djupe spor i landskapet

og eg har kjempa imot
eg har fylt lungene med skrik i natta

eg har sprunge, eg har slåss
brukt all mi kraft og all min vilje –

til sist gav eg opp
la livet mitt i andre hender

kjente nytt blod, nytt liv
som straumar i mitt ørkenlandskap

og nokon lyfte meg, nokon
reiv over alle lenkene – bad meg fly –

så no er eg fri
og eg veit i frå kva





som kjærleik
høgt svevande
over kvardagen

ser eg deg
i nytt lys
frå denne høgda

liksom du er endra
til din beste versjon
gjennom augefilteret

og eg smiler til deg, vinkar
ditt hjarte til mitt –
lat oss vere nye for kvarandre



(Fototriss)