Viser innlegg med etiketten norm. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten norm. Vis alle innlegg

fredag 28. september 2018

Det kloke i veggen




alt desse veggane veit
av rett og gale;

etikken er lukta av fuktige støvlar
lovene seier rekke på rekke
            med framtidsobjekt

for her spring dei om kapp
eller hoppar paradis
notida og framtida – saman

og normene kryp som usynlege maur
i korridorane, festar seg til hjernane

byggjer noko større av det store
noko betre av det gode, noko klokare
ved enden av kalenderen –