Viser innlegg med etiketten kunnskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kunnskap. Vis alle innlegg

fredag 28. september 2018

Det kloke i veggen




alt desse veggane veit
av rett og gale;

etikken er lukta av fuktige støvlar
lovene seier rekke på rekke
            med framtidsobjekt

for her spring dei om kapp
eller hoppar paradis
notida og framtida – saman

og normene kryp som usynlege maur
i korridorane, festar seg til hjernane

byggjer noko større av det store
noko betre av det gode, noko klokare
ved enden av kalenderen –



søndag 31. desember 2017

Alt vi ikkje visste



alt vi ikkje visste
i 1979
at Gorbatsjov skulle ende
den kalde krigen
at Saddam Hussein
skulle setje oljebrønnar i brann i Kuwait
at Tsjekkoslovakia skulle rakne i fred
at Jugoslavia skulle rakne i krig
at tvillingtårna skulle falle
at Berlinmuren skulle falle
at Afghanistan skulle falle
i hendene på Taliban
og IS herje med bomber i Europa
at Syria skulle falle
i eld
at sjølve feriehavet skulle bli
ei grav for så mange på flukt

alt vi ikkje visste
i 1979
då vi telte ned, frå 10 – 9 – 8 –
mot det nye tiåret

alt vi ikkje visste –
alt vi ikkje veit
i 2017 –


fredag 6. januar 2017

Engel


vesle bodberar
frå andre dimensjonar,
syng din song
i mi mørke natt
syng din song
til hjartet kan smelte

og auga kan sanse lyset
i ferd med å stige opp
bak vitet sine mange horisontar


torsdag 5. juni 2014

Bygge fjellet




viss kunnskap er eit fjell
må du klatre,
om grunnen du står på
er summen av alt
du har lært, alt du veit
alt som er deg,
må du bygge
la fjellet vekse,
ikkje som eit babel-tårn
- du må vere ærleg,
            og sjå din posisjon
            i forhold til eit høgare fjell
og bruke ditt eige
som ein utkikkspost
over livet