Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg

søndag 8. april 2018

Viss eg var fuglen



i svev over huset du bur i
er eg berre ein prikk
mot den store blå himmelen

viss eg var fuglen
i dette luftige svevet
ville du vore prikken, langt der nede
og eg hadde heile verda
for mine føter


mandag 19. februar 2018

Mosaikk



ikkje alt i liva våre
har samanflytande grenser
der du tek over
ved min ytterkant
og eg tek over ved din

likevel er der eit mønster
ein tråd å følgje – om enn
usymmetrisk og litt tilfeldig

for tankane våre
flettar seg saman
som to motpolar
dregne mot kvarandre

og at det ikkje er
eit knirkefritt maskineri
er det siste vi kunne brydd oss om

torsdag 1. februar 2018

Geledd




ingen ser forskjell på meg og deg
viss eg let att auga
og du sluttar å smile

viss vi let att hjarta
og lukkar lungene
lever på syntetisk omsorg

frå dei som bryr seg meir
om støvet vi kvervlar opp
enn kjøttet som fyller støvlane