ikkje
alt i liva våre
har
samanflytande grenser
der
du tek over
ved
min ytterkant
og
eg tek over ved din
likevel
er der eit mønster
ein
tråd å følgje – om enn
usymmetrisk
og litt tilfeldig
for
tankane våre
flettar
seg saman
som
to motpolar
dregne
mot kvarandre
og
at det ikkje er
eit
knirkefritt maskineri
er det siste vi kunne brydd oss om
