lørdag 28. november 2020
Fuglar i sirkel
over denne byen
me rømmer for livet,
ser tønnebomber
komme i fallande bue mot gatene
som ein gong var trygge
alt er krater, alt er sår
alt er brennande tomme vindauge som lyser
svart
fuglane flyr i sirkel, gaper med opne nebb,
ser oss djupt inn i auga
før dei lettar over skyene og forsvinn bak horisonten
me søv med auga på gløtt
for me veit dei kjem att
onsdag 21. oktober 2020
Tryggleik i tusen bitar
tryggleiken er skjør som krystall;
alt ser så fint og elegant ut
i utstillingshyllene
vakre vasar, vakre glas
vakre modellar av fuglar og dyr
forsiktig går me rundt
for ikkje å velte noko, ikkje vere den som lagar lyd
ikkje vere den
som knuser
freden
men så kan nokon opne døra
sleppe inn
ein okse
og alt me tenkjer på
er flukt og vern,
og tryggleiken ligg tilbake
som sukkerstrø i fotspora
på ein stad me aldri kjem attende til
det me har att
etterpå
er minna om alt det vakre
me ein gong kalla
kvardag
lørdag 12. september 2020
Blikk som eld
blikket ditt brann som eld
og du vart eit menneske medan me såg deg
og me vart menneske, fødde i det sekundet
bilda av telt i brann fylte netthinna og du snakka til oss
som om me var individ
med hjarte og hjelpande sinn
og at me hadde sjanse til å hjelpe
dei harde orda
som gav oss form og meining, hatet
som ingen brann kunne rive ned men heller nøre opp
og silhuettane som før vandra som skuggar i byar langt borte
gjekk frå å vere objekt til subjekt
i eit rop som reiv huda i filler
no blør tunga, no blør auga og øyra
no blør sjela og orda
er skrift av blod på veggen
og me veit;
viss ikkje noko vert gjort
viss ikkje orda vert handling
viss ikkje hjartet rullar ut ein veg til fridom
for deg
vil me slutte å eksistere
i same sekund som auga glir att
og ryggane reiser seg som murar mellom fornuft og galskap
fredag 11. september 2020
Variasjonar over noko mørkt
lyset svingar utanom
i store bogar, let etter seg
spor i den mørke molda
her var det ein gong eit lys
kan me lese, og alle skjønar og ser
det me nektar å seie med ord
og medan orda smuldrar ubrukte bort
smeltar lyset gjennom huda og innover
til mørke krokar i samvitet -- det er så forsvinnande likt
dette mørket
og det me såg oss blinde på
medan bombene fall
over fjernsynsskjermen
no står berre ruinane att av det
som aldri vart anna enn eit håp,
og moria var ikkje det lova landet
men ei hengemyr for hjarte
som trudde dei nådde fast grunn
så sank mørke gardiner over landet
og lyset svinga utanom
let etter seg spor i molda
etter barneføter, og spora vart dammar
fylte med tårer
mandag 4. mai 2020
Det blodige diktet
dette kjem til å gjere vondt
først drep eg mange menneske
det er lett
berre sjå:
bam! der ligg det fjorten døde
i huset eg sprengte
og eit noko større
bam!
3 000 døde
det var ei flybombe over ein by
det forstod du sikkert
så kan eg starte atomkrig,
for hemnen er søt
og no fyk den eine atombomba etter den andre
på tvers av kontinenta
til slutt ligg 3 milliardar menneske døde
og ingen har lenger kunnskap
om korleis ein skal skyte opp nye atombomber
det trengs heller ikkje
for katastrofen er eit faktum
og jorda er så å seie ubueleg
nye millionar, kanskje milliardar
vil endå lide ein smertefull død
av stråling og svolt
-
sånn,
då var det gjort
no rammar eg inn denne teksten
dette blodigaste av alle dikt
med ein høg stålmur
og låser den att
så kan alle desse drapa
og atomkrigen
bu på desse linjene og berre her
og la resten av verda vere
i fred
ok?
mandag 30. mars 2020
Det store hykleriet
til siste slutt,
me er ikkje individ
me er eit heile, ein organisme
eit me
eit lag
som står saman
gjennom alle stormar!
ropte generalen
og sende offiserane
og soldatane
ut mot det bølgjande havet
av dei andre, dei
den grå, ukjente massen
som ikkje kan finnast i nokon draumar
lukke til
seier han,
set ei ny nål i kartet
og tek ein slurk av kaffien
torsdag 23. januar 2020
Ut i krigen
geledd på geledd
over papiret - holdt!
venstre om
og på skulder penn,
kvil og kvil
så kan du inspisere dei stramme rekkene,
vandre mellom oppstilte framstillingar
børste støv av nokre buar,
helse høfleg på rette strekar
eller hudflette heile regimentet
på grunn av bagatellar
det er du som er generalen her,
det er du som styrer hæren
og kan gje marsjordren - ut
til kamp mot kunnskapsløysa
det er deg dei følgjer, du som set standarden
og skal vere den som leier an;
så: på skulder penn
høgre, venstre, høgre, venstre, høgre, venstre
og marsj!
onsdag 30. januar 2019
Mitt sintaste dikt nokosinne
#smerte
Eg såg ein film på søndag, om to syriske jenter som vart brannskada i eit bombeangrep. Det er få ting som går djupare inn på meg, og diktet er skrive i sinne. Eg avsluttar med ei bøn. Det er menneske som drep, og eg tykkjer synd på dei også. Det er noko fundamentalt galt hos menneske (eller systemet rundt menneske) som kan drepe andre menneske og øydelegge liv på denne måten.
mandag 7. januar 2019
Laos 1 & 2
#om ufyselege handlingar
Krig består av ei rekke ufyselege handlingar. Dei aller fleste har mykje imot krig, og det er vel blant dei tinga me har minst lyst å komme ut for. Likevel finst det også handlingar i krig som set "vanlege" krigshandlingar i skuggen. Blant desse er til dømes nazistane sine dødsleirar under 2. verdskrigen, masseutryddingane i Jugoslaviakrigane eller kor dei sivile i Jemen, i vår eiga tid, vert ramma på verste vis.
I går lærte eg om ei anna slik handling, som er tvers gjennom ufyseleg i all sin gru. Under vietnamkrigen på 60-talet hende det at dei amerikanske pilotane ikkje rakk å sleppe ut alle bombene dei hadde med seg over Vietnam, før dei måtte forlate luftrommet. Dei hadde lang veg tilbake til basen, så for å lette flyginga, slapp dei ut lasta ... over jungelen heilt nord i Laos. Menneska i dette området lir fortsatt under denne grusame handlinga. I dei store jungelområda ligg det tusen på tusen av udetonerte klasebomber, og gjer området så å seie ubrukeleg. Dermed kan dei ikkje utvide jordbruksområda sine, og er, nesten 60 år etter krigen, tvungne inn ein slags stillstand.
Det er ikkje lett å ta inn over seg at slike ting kan me menneske gjere mot kvarandre.
søndag 11. november 2018
mandag 9. april 2018
Dei tomme hendene
tirsdag 6. mars 2018
torsdag 1. mars 2018
Krigens to ansikt
jobbar på våpenfabrikken,
meiner det er ei sikker
inntektskjelde, og
«hadde ikkje eg jobba her,
ville nokon andre gjort det»
tidlegare tobarnsfar (45) frå Jemen
slår ut med armane;
han er tom for ord
men auga fortel ei historie
om tusen knuste draumar –


