Viser innlegg med etiketten hjelpe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hjelpe. Vis alle innlegg

lørdag 12. september 2020

Blikk som eld

blikket ditt brann som eld

og du vart eit menneske medan me såg deg

og me vart menneske, fødde i det sekundet

bilda av telt i brann fylte netthinna og du snakka til oss

som om me var individ 

med hjarte og hjelpande sinn

og at me hadde sjanse til å hjelpe


dei harde orda

som gav oss form og meining, hatet

som ingen brann kunne rive ned        men heller nøre opp

og silhuettane som før vandra som skuggar i byar langt borte

gjekk frå å vere objekt til subjekt

i eit rop som reiv huda i filler


no blør tunga, no blør auga og øyra

no blør sjela og orda

er skrift av blod på veggen

og me veit;

viss ikkje noko vert gjort

viss ikkje orda vert handling

viss ikkje hjartet rullar ut ein veg til fridom

for deg

vil me slutte å eksistere

i same sekund som auga glir att

og ryggane reiser seg som murar mellom fornuft og galskap

 

 


onsdag 25. desember 2019

Vente på lyset

det er alltid midt på dagen
ein eller annan stad i verda

det vil seie, at ein eller annan stad
vil det alltid vere midt på natta

somme menneske går alltid vestover
og held jamn fart med sola,
slik at skuggane alltid kviler rundt føtene
og hovudet
og tankane

ikkje fordi dei vil det sjølve
men fordi det var slik livet vart

difor

kan me ikkje berre slutte å slenge steinar
og i staden
halde rundt kvarandre,
stoppe opp litt, gi tid,
slik at sola rekk å ta oss igjen
og dei som vandrar i skuggane
            igjen kan oppleve at det vert lyst?