Viser innlegg med etiketten moria. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten moria. Vis alle innlegg

lørdag 12. september 2020

Blikk som eld

blikket ditt brann som eld

og du vart eit menneske medan me såg deg

og me vart menneske, fødde i det sekundet

bilda av telt i brann fylte netthinna og du snakka til oss

som om me var individ 

med hjarte og hjelpande sinn

og at me hadde sjanse til å hjelpe


dei harde orda

som gav oss form og meining, hatet

som ingen brann kunne rive ned        men heller nøre opp

og silhuettane som før vandra som skuggar i byar langt borte

gjekk frå å vere objekt til subjekt

i eit rop som reiv huda i filler


no blør tunga, no blør auga og øyra

no blør sjela og orda

er skrift av blod på veggen

og me veit;

viss ikkje noko vert gjort

viss ikkje orda vert handling

viss ikkje hjartet rullar ut ein veg til fridom

for deg

vil me slutte å eksistere

i same sekund som auga glir att

og ryggane reiser seg som murar mellom fornuft og galskap

 

 


fredag 11. september 2020

Variasjonar over noko mørkt

lyset svingar utanom

i store bogar, let etter seg

spor i den mørke molda


her var det ein gong eit lys

kan me lese, og alle skjønar og ser

det me nektar å seie med ord


og medan orda smuldrar ubrukte bort

smeltar lyset gjennom huda og innover 

til mørke krokar i samvitet    --    det er så forsvinnande likt

dette mørket

og det me såg oss blinde på

medan bombene fall

over fjernsynsskjermen


no står berre ruinane att av det

som aldri vart anna enn eit håp,

og moria var ikkje det lova landet

men ei hengemyr for hjarte

som trudde dei nådde fast grunn


så sank mørke gardiner over landet

og lyset svinga utanom

let etter seg spor i molda

etter barneføter, og spora vart dammar

fylte med tårer



lørdag 28. mars 2020

Moria

det er i vinden stemmene bur
og i solstrålane
kjem blikka frå framande grenser

her er så kalde kantar
og golvet gyngar når me går,
kan me late att auga... -

om noko
kjem ansiktet heilt nært
og vert vevd inn i blodårene,
til alt me er og alt me kjenner
skrik i smerte
over dette som ikkje er oss
men kunne vore det, ja
svært godt kunne vore akkurat oss

det er vårt eige spegelbilete me ser
når me snur oss vekk
frå dei heimlause blikka

og vårt eige hjarte som vaknar til liv
når me vågar opne opp døra
og opne opp auga
og opne opp armane
for dette vesle me faktisk kan gjere noko med