Viser innlegg med etiketten Syria. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Syria. Vis alle innlegg

mandag 9. april 2018

Dei tomme hendene



eg såg hendene dine
skjelvande,
kor dei femna verda
som fram til i dag
hadde vore di

begge hendene dine
gråtande, grå
som to stille dører
inn til ei verd
eg ikkje kan sjå

og auga –
auga dine
to mørklagte stjerner
av redsle
ei knusande bølgje
mot hjarteveggane mine;

atlantis
er tapt
for evig




#gift
Eg såg eit bilde i dag, i ei nettavis, eit bilde som har brent seg fast til sjela mi. Ein far og to barn. I ein bil. I Syria. Faren held dei to små tvillingjentene i armane sine. Ei lita jente i kvar arm. Dei ligg der så fredfulle, med auga att. Faren har auga opne, og sorga eg kan lese i auga brenn seg fast som smeltande jern mot huda. Han har overlevd, han var ein av dei som kom seg levande ut av dei samanraste restane av ein by. 

Natta før hadde bombefly sluppe kjemiske bomber over byen deira, og lidingane rundt var enorme. Men denne mannen hadde overlevd. Det hadde ikkje dei to små døtrene hans. Eg trur ikkje mannen kjende noko glede over å vere blant dei levande. Ikkje no lenger.

Bildet var frå april 2017, og bildet viste vanlege kvardagsmenneske. Vanlege menneske av kjøt, blod og draumar. Som deg og meg. 

Det kunne vore deg og meg. 


tirsdag 5. mai 2015

Ti tusen



ti tusen tause ansikt
ser meg sløve i sofaen
etter arbeidsdagen
og middag med familien,
150 varme kvadratmeter
for fem, og trygge senger
trygge jobbar
trygge gleder, trygge sorger

ti tusen tause ansikt
stirrar tilbake på meg
frå spegelen
- me kunne vore deg
du kunne vore oss,
våre ansikt
er også ditt

me kunne delt denne dagen
knust alle tause skuggar
fylt dei med blod og liv
og glede