Viser innlegg med etiketten bombe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bombe. Vis alle innlegg

lørdag 28. november 2020

Fuglar i sirkel

fuglane er bombefly
over denne byen

me rømmer for livet,
ser tønnebomber 
komme i fallande bue mot gatene
som ein gong var trygge

alt er krater, alt er sår
alt er brennande tomme vindauge som lyser
svart

fuglane flyr i sirkel, gaper med opne nebb,
ser oss djupt inn i auga

før dei lettar over skyene og forsvinn bak horisonten

me søv med auga på gløtt
for me veit dei kjem att



lørdag 5. september 2020

Etterskjelv

eg skriv ned etterskjelvet
i området
der den store bomba fall

skriv bølgjene som dirrar i bakken
medan pennen ristar mot papiret,
prikk følgjer prikk
i urolege mønster

så står det her
svarte strekar
er alt som er att
av energien

papiret hugsar ikkje bomba
berre etterskjelvet --


mandag 4. mai 2020

Det blodige diktet

ok
dette kjem til å gjere vondt

først drep eg mange menneske
det er lett
berre sjå:
bam! der ligg det fjorten døde
i huset eg sprengte
og eit noko større 
bam!
3 000 døde

det var ei flybombe over ein by
det forstod du sikkert

så kan eg starte atomkrig,
for hemnen er søt
og no fyk den eine atombomba etter den andre
på tvers av kontinenta

til slutt ligg 3 milliardar menneske døde
og ingen har lenger kunnskap
om korleis ein skal skyte opp nye atombomber

det trengs heller ikkje
for katastrofen er eit faktum
og jorda er så å seie ubueleg

nye millionar, kanskje milliardar
vil endå lide ein smertefull død
av stråling og svolt

-

sånn,
då var det gjort

no rammar eg inn denne teksten
dette blodigaste av alle dikt
med  ein høg stålmur
og låser den att

så kan alle desse drapa
og atomkrigen
bu på desse linjene og berre her
og la resten av verda vere
i fred

ok?


mandag 9. april 2018

Dei tomme hendene



eg såg hendene dine
skjelvande,
kor dei femna verda
som fram til i dag
hadde vore di

begge hendene dine
gråtande, grå
som to stille dører
inn til ei verd
eg ikkje kan sjå

og auga –
auga dine
to mørklagte stjerner
av redsle
ei knusande bølgje
mot hjarteveggane mine;

atlantis
er tapt
for evig




#gift
Eg såg eit bilde i dag, i ei nettavis, eit bilde som har brent seg fast til sjela mi. Ein far og to barn. I ein bil. I Syria. Faren held dei to små tvillingjentene i armane sine. Ei lita jente i kvar arm. Dei ligg der så fredfulle, med auga att. Faren har auga opne, og sorga eg kan lese i auga brenn seg fast som smeltande jern mot huda. Han har overlevd, han var ein av dei som kom seg levande ut av dei samanraste restane av ein by. 

Natta før hadde bombefly sluppe kjemiske bomber over byen deira, og lidingane rundt var enorme. Men denne mannen hadde overlevd. Det hadde ikkje dei to små døtrene hans. Eg trur ikkje mannen kjende noko glede over å vere blant dei levande. Ikkje no lenger.

Bildet var frå april 2017, og bildet viste vanlege kvardagsmenneske. Vanlege menneske av kjøt, blod og draumar. Som deg og meg. 

Det kunne vore deg og meg.