Viser innlegg med etiketten kvardag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvardag. Vis alle innlegg

onsdag 21. oktober 2020

Tryggleik i tusen bitar

tryggleiken er skjør som krystall;

alt ser så fint og elegant ut

i utstillingshyllene


vakre vasar, vakre glas

vakre modellar av fuglar og dyr


forsiktig går me rundt

for ikkje å velte noko, ikkje vere den som lagar lyd

ikkje vere den

som knuser

freden


men så kan nokon opne døra

sleppe inn

ein okse


og alt me tenkjer på

er flukt og vern,

og tryggleiken ligg tilbake

som sukkerstrø i fotspora

på ein stad me aldri kjem attende til


det me har att

etterpå

er minna om alt det vakre

me ein gong kalla

kvardag



onsdag 26. februar 2020

Kvardagsmenneske

eg er ein meister
i det kvardagsgrå,
glir i eitt med skuggane
men også dei skarpe konturane
sola dannar
på si ferd over landjorda;

glad om sommaren
mollstemt om hausten
noko inneslutta og mørksinna om vinteren
og om våren kjenner eg håpet gro
som ein sovande, no vaknande spire
frå det store djupet
i hjartet

sjølv me kvardagsgrå, vanlege
som glir i eitt med landskapet og tida
og snart gøymt og gløymt
i historia sine siderom
har spiren til det ustoppelege og ukuelege
i oss

når ein berre kjem nær nok
og har opne nok auge 


fredag 26. mai 2017

Inn i verda



ut av tåka stig landet
som ei tidlaus øy, nyskapt
reinsa og frisk –

det er som auga ser
for første gong
landskapet i morgonlyset

og hjartet landar
med røter i heimlandsmolda
midt i sin eigen kvardag


søndag 12. mars 2017

Gleda



å, stilla stilla              
stilla
i alt du gjer
når du er stille

og villskapen når du er vill
vill                              
så vill –

midt i mellom
kan vi prate
og la vere
å prate
som vi vil

og i alt dette,
i dette skiftande livet
som er time
på time
                        på time
på time
                        på time

dag på dag, år                år
ligg det ei glede

uendeleg
glede

i bakken eg går på
lufta eg pustar
vatnet eg drikk
hjartet som bankar i meg
                        og i deg –

eg vil ikkje la nokon
øydeleggje
ta
stele denne gleda
ta
det som er edelt og lyst
gjennom alle grå kvardagar