å,
stilla stilla
stilla
i
alt du gjer
når
du er stille
og
villskapen når du er vill
vill
så vill –
midt
i mellom
kan
vi prate
og
la vere
å prate
som
vi vil
og
i alt dette,
i
dette skiftande livet
som
er time
på
time
på time
på
time
på time
dag
på dag, år på år
ligg
det ei glede
uendeleg
glede
i
bakken eg går på
lufta
eg pustar
vatnet
eg drikk
hjartet
som bankar i meg
og i deg –
eg
vil ikkje la nokon
øydeleggje
ta
stele denne gleda
ta
det
som er edelt og lyst
gjennom
alle grå kvardagar
Åh, det er et rørende digt og billede.
SvarSlettOg rytmen er så fin.