Viser innlegg med etiketten ironi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ironi. Vis alle innlegg

onsdag 23. desember 2020

J -

så -
kor skal me setje juletreet då

det må ikkje stå i vegen for fjernsynet,
så me må bøye oss
eller skifte favorittstol
for heile juleveka

J- kan stå lenger borte
men ikkje framfor omnen,
eg vil gjerne sjå elden

heller ikkje for nær borda og bokhyllene
framfor kjøkkendøra
eller der borte kor eg plar sjå ut vindauget
på melankolske dagar

det kjem kanskje nokre slike i romjula også

så -
kor skal det stå

kanskje borti hjørnet,
der ingen snublar over det, og kanskje
skal me kjøpe eit svært lite i år

eit J- som knapt syns,
eller kanskje setje det i gongen
eller på boden nede

så kan me gå ned og sjå på det
når me treng litt julestemning
utan at det er til plage for nokon
i mellomtida

ja, set J- på boden,
det er det enklaste for alle,

viss me då treng J- i det heile,
kanskje me heller skal kjøpe litt meir konfetti
for pengane


søndag 4. oktober 2020

Søvnen og eg

eg har eit noko anstrengt forhold

til søvnen


kvar gong han kjem

er eg borte vekk

og får det ikkje med meg


og når eg kjem til meg sjølv att

er han borte


så me har nok aldri sett kvarandre

søvnen og eg,

berre høyrt ryktet om kvarandre

og alle våre forsøk på å møtast

har

så vidt eg veit

vore mislukka



lørdag 16. juni 2018

Grana




midt i den store skogen
stod ei høgreist gran

ikkje noko menneske hadde planta treet
heller ikkje vatna eller stelt det;

ein dag kom ein mann til skogen
og hogg ned den høge grana

han hogg av greiner
og skrapa av barken
og flisa opp all veden

så kokte han flisene
i ei kjemisk blanding
og delte blandinga i to;

den eine halvparten valsa han ut
og cellulosen vart til kvitt papir,
tynt og firkanta og glatt;
det la han i kopimaskina
og over veker og månadar og år
vart papirbunken sakte, men sikkert,
dag for dag – mindre
utan at mannen brydde seg større –

av den andre halve blandinga
laga han finare, meir avansert papir
og trykte på bilete og tal;
snart kunne han leggje fine pengebunkar
trygt i safen
og han brukte resten av sitt liv
på å vakte safen
- sørge for at pengane låg godt…

men skogen fortsette å vekse
og ingen ville nokon gong ta notis
            av stubben
som stod att der grana ein gong stod –


onsdag 12. november 2014

Bastian et Bastienne



det er så vakkert så vakkert
med gode tonar i lufta
og smil
om enn litt smale

heilt til du ser tittelen
og forstår
at dette -
dette er noko anna
enn du trudde

noko du trudde
vi var ferdige med
for lengst

noko du ikkje vil
vere med på

akkurat det same som du sa
den gongen
dei ymta, forsiktig så forsiktig
at det finst andre språk
enn nynorsk

men du nekta
hardnakka
å sjå sanninga i auga



(onsdagstema)

tirsdag 8. oktober 2013

Fakta om ironiske fakta



Eg skal seie deg kva ironi er!

Det er at dei unge kvinnene
som ikkje kan lese, ikkje kan rekne,
men som kan sy
(Du verda som dei kan sy!)
sit på ein fabrikk i dei grå sidegatene
i Bangladesh
og tråklar seg gjennom
den eine skjorta etter den andre
og legg siste hand på verket;
for at eg, læraren
skal ha ei skjorte å gå i
medan eg underviser born

som ikkje ser poenget med å kunne rekne

torsdag 5. september 2013

Optimist



I dag er eg optimist
I dag – reknar eg algebra med penn
I dag – let eg paraplyen stå,
trass dei mørke skyene
bak horisonten
I dag – knyter eg joggeskoa
med enkeltknute
Det går nok bra!
I dag – skal eg tippe i lotto

I morgon skal eg kaste kupongen
i papirreturen,
for i morgon
er eg nok meg sjølv att

Nei, sjå på det du,
papirreturen… som om det…
Ja, i dag er eg verkeleg
optimist!