stille
går dei
med
bøygde hovud
som
strå
mellom
kjemper,
brikker
i spelet
og
vi ser
med
bøygde hovud
tomme
hender
ropande
hjarte,
utspelte
brikker –
stille
går dei
med
bakbundne hender
som
kriminelle
vert
ført ut
sendt
vekk
og
vi ser
med
bedande auge
og
rasande blod;
la
dei bli, la dei vere,
dei
er strå i vinden
som
oss
#sinne?
Eg veit ikkje heilt korleis eg skal skildre kjensla som ligg bak dette diktet. Kanskje er det sinne. Kanskje er det maktesløyse. Kanskje er det sorg. Kanskje er det redsel. Kanskje er det ei blanding av alle desse, og fleire til. For nokre dagar sidan vart Nobels fredspris tildelt, og vinnarane fekk den heilt fortent. Regjeringa smiler og gratulerer og er så einig i det vinnarane står for. Tilsynelatande.
For samtidig som det offentlege Norge hyllar fredsprisvinnarar som kjempar for jenter sine rettar i land som Afghanistan, og fattige born i land som India, foregår det ein stor urett i det stille. Med politiet som vaktarar vert småbarnsforeldre, og born som ikkje kjenner noko anna heimland enn Norge, henta i heimane sine, frakta til flyplassar og sendt ut av landet. Til ei uviss framtid. Til dårlege leveforhold. Til liv i redsle og sorg over tapet av vener og trygt liv i Norge. Til kvardagar foreldrene ein gong flykta frå, og dagar borna aldri har kjent til. Og dette skjer gong på gong. Og regjeringa smiler. Og eg kjenner maktesløyse og sinne.
Klarar dei ikkje å sjå kor galt dette er? Er dei blitt papirblinde og hjartelause? Kva kan vi gjere for å få kjempene til å sjå?
(onsdagstema)