Viser innlegg med etiketten sinne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sinne. Vis alle innlegg

søndag 4. januar 2015

Vinterlandskap #3




ditt sinne kan likne på vinterisen,
det hardaste stoffet på jord

men sjølv dette skalet av kulde
gir etter for varmande ord –

tirsdag 14. oktober 2014

Tause


stille går dei
med bøygde hovud
som strå
mellom kjemper,
brikker i spelet

og vi ser
med bøygde hovud
tomme hender
ropande hjarte,
utspelte brikker –

stille går dei
med bakbundne hender
som kriminelle
vert ført ut
sendt vekk

og vi ser
med bedande auge
og rasande blod;
la dei bli, la dei vere,
dei er strå i vinden

som oss



#sinne?

Eg veit ikkje heilt korleis eg skal skildre kjensla som ligg bak dette diktet. Kanskje er det sinne. Kanskje er det maktesløyse. Kanskje er det sorg. Kanskje er det redsel. Kanskje er det ei blanding av alle desse, og fleire til. For nokre dagar sidan vart Nobels fredspris tildelt, og vinnarane fekk den heilt fortent. Regjeringa smiler og gratulerer og er så einig i det vinnarane står for. Tilsynelatande.

For samtidig som det offentlege Norge hyllar fredsprisvinnarar som kjempar for jenter sine rettar i land som Afghanistan, og fattige born i land som India, foregår det ein stor urett i det stille. Med politiet som vaktarar vert småbarnsforeldre, og born som ikkje kjenner noko anna heimland enn Norge, henta i heimane sine, frakta til flyplassar og sendt ut av landet. Til ei uviss framtid. Til dårlege leveforhold. Til liv i redsle og sorg over tapet av vener og trygt liv i Norge. Til kvardagar foreldrene ein gong flykta frå, og dagar borna aldri har kjent til. Og dette skjer gong på gong. Og regjeringa smiler. Og eg kjenner maktesløyse og sinne.

Klarar dei ikkje å sjå kor galt dette er? Er dei blitt papirblinde og hjartelause? Kva kan vi gjere for å få kjempene til å sjå?




(onsdagstema)

fredag 5. oktober 2012

Sinne




Utdaterte, utspelte
Ut
Forkasta av våre eigne

Og det verste av alt:
Dei tok det beste frå oss
Før dei sende oss av garde

No har vi berre minnene att
Av det som var
Av dei vi var
Minner som vil smuldre bort
Saman med oss

Vi vil gjødsle marka med vår avsky
Spreie sinneatoma til nye generasjonar
Av harmdirrande, fryktlause blad

Kanskje dei kan ta opp den kampen
Vi tapte

søndag 19. august 2012

Kvifor?

Kvifor, Gud?
Kvifor tok du frå meg mitt vesle barn?
Kvifor gje – og så ta tilbake?
Kvifor?

I dag er eg sint, Gud
På deg.
I dag er eg lei meg
Og tom i hjarta.

Eg ber deg:
Svar meg,
gje meg svar på spørsmåla mine.

Ikkje la meg sitje her
Og forgå
I mitt eige sinne