Du skriv så triste dikt!
sa ein av mine gode vener
til meg, her ein kveld
Vi prata om laust og fast,
og aller mest om laust
som vanleg
Du skriv så triste dikt,
og eg forstår ikkje
kvifor?
Du er då ein tøysekopp
og fjaseklovn og seier så mykje
hinsides all fornuft,
så kvifor speglar ikkje dikta
deg?
Fordi av og til, svara eg,
av og til er det godt å la maskene
falle
og berre vere totalt ærleg
med korleis eg har det
og kva eg tenkjer på
og kva som rører seg i hjarta mitt
For visst er eg glad, og visst kan
eg tulle
og visst likar eg vitsar og moro
og leik og spel
Men eg har fleire lag, min venn
I det eg seier det, ser eg ei tåre
i augekroken hans,
og det byrjar å strøyme ut ærlege
ord
om sorg og frykt og lengsel
Så sat vi der, og var triste i lag
og delte litt av det som til vanleg
er skjult
Kanskje det er ei (magisk?) evne eg
har,
tenkte eg då,
å gjere folk triste…