gjennom uendelege straumar vatn
trer eit ansikt fram,
eit minne, ein skugge
eit spegelbilde frå ei anna tid
det du såg
då du stirra deg sjølv djupt i auga -
no ser eg auga dine
fylte med vatn
og eg veit, som i eit lynglimt
at det er innsida eg ser - det du verkeleg såg
då hjartet ditt sukka under byrda
av alt vatnet som hopa seg opp
som eit innestengt magasin
bak auga dine
Viser innlegg med etiketten trist. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten trist. Vis alle innlegg
lørdag 9. november 2019
fredag 13. april 2018
Kamuflasje
fly
like under radaren
der
blikka er brennande varme
utan
å nå deg
gli
som ein panter langs skogkanten
vere
mjuk som snøen
mørk
som din eigen skugge
vere
like stille som kviskringa i trea
halde
fast i luftmolekyla
så
inga rørsle kan røpe kven du er
lengte
så det knakar i kvar muskel,
håpe
at nokon skal oppdage deg
og
dele varme med ditt frosne hjarte
tirsdag 10. juni 2014
Prompepute
lukkeleg den
som har ei prompepute
og eit lager
med fnis og glimt
og lureri
som berre ventar på
å bli slepte fri!
ikkje fullt så lukkeleg
er den
som har bortreiste vener
med låst ytterdør
og ikkje har
fått lure
ei einaste
sjel –
onsdag 6. februar 2013
Triste...
Du skriv så triste dikt!
sa ein av mine gode vener
til meg, her ein kveld
Vi prata om laust og fast,
og aller mest om laust
som vanleg
Du skriv så triste dikt,
og eg forstår ikkje
kvifor?
Du er då ein tøysekopp
og fjaseklovn og seier så mykje
hinsides all fornuft,
så kvifor speglar ikkje dikta
deg?
Fordi av og til, svara eg,
av og til er det godt å la maskene
falle
og berre vere totalt ærleg
med korleis eg har det
og kva eg tenkjer på
og kva som rører seg i hjarta mitt
For visst er eg glad, og visst kan
eg tulle
og visst likar eg vitsar og moro
og leik og spel
Men eg har fleire lag, min venn
I det eg seier det, ser eg ei tåre
i augekroken hans,
og det byrjar å strøyme ut ærlege
ord
om sorg og frykt og lengsel
Så sat vi der, og var triste i lag
og delte litt av det som til vanleg
er skjult
Kanskje det er ei (magisk?) evne eg
har,
tenkte eg då,
å gjere folk triste…
mandag 14. januar 2013
Trist fugl
I dag er eg ein trist fugl
ein utan stemme
eller song eller fjør
Eg sit i dei nedste greinene
og stirrar ut av den nattsvarte
skogen
Der ute, ein stad
ventar gleda og songen
og ei fjørdrakt som heilt sikkert
passar
for den som kunne tore fly ut
Abonner på:
Innlegg (Atom)