Viser innlegg med etiketten masker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten masker. Vis alle innlegg

tirsdag 26. august 2014

Det bakanfor


somme tider er gleda eit plaster
dekkjer det bakanfor
som eit skjold -

sender sine lysbølgjer
mot auga dine,
skapar illusjonar, draumar,visjonar

medan hjartet ropar
kvelte lydar, frå ein stad inne i tåka;
kanskje frå djupet - kanskje frå høgda

-

andre gonger er gleda eit dekke
over andre gleder
eller eit usynleg lag over det ekte

eg smiler
og tåka er vekke,
det bakanfor er alt som vert vist

-

det er der eg prøvar å vere;
tilstade i mitt eige liv
utan maske -



(NF blo-ma)

søndag 23. mars 2014

Bak auga



det er det skjulte
det du ikkje ser
gøymt bak maskene
våre sirlege kontrollar
og sjekkpunkt
alt det vi reknar som skjold
mellom oss sjølve og verda –

det er det som er bak
baksida under
undersida
det skjulte
og det som er på vranga
når alt det synlege er borte
og natta har lukka sceneteppet
over einmannsshowet

det er
på det punktet den staden
den tida det rommet
der
bak auga
heilt inn til det skjulte
det er der du finn det ekte
det verkeleg autentiske
eg

men først må du rive fasadane
fjerne støyfilter og dekkmaling
rive av maskene
og våge å møte meg
med opne hender, naken, sårbar –

auga vil halde alt hemmeleg
så lenge du står i forsvarsstilling


(Måndagstema. Grafitti frå Stavanger)

tirsdag 12. mars 2013

Maske og hud



Eg festar maska på huda 
Silkemjukt,
passar perfekt til meg sjølv 
- Festar den djupt,
så den går i eitt med overflata; 
smeltar saman
i ei narrespelsymbiose

Ingen kan sjå forskjell;
Kva er maske, kva er hud? 
Kva er det eigentlege meg?

Sei det, sei det
er umogeleg å sjå 
sjølv for meg --
Eg maskerte synet først av alt


(Inspirert av Spirea i bloggen Hjertespor: Et liv på skinner)

onsdag 6. februar 2013

Triste...



Du skriv så triste dikt!
sa ein av mine gode vener
til meg, her ein kveld
Vi prata om laust og fast,
og aller mest om laust
som vanleg

Du skriv så triste dikt,
og eg forstår ikkje
kvifor?
Du er då ein tøysekopp
og fjaseklovn og seier så mykje
hinsides all fornuft,
så kvifor speglar ikkje dikta
deg?

Fordi av og til, svara eg,
av og til er det godt å la maskene falle
og berre vere totalt ærleg
med korleis eg har det
og kva eg tenkjer på
og kva som rører seg i hjarta mitt

For visst er eg glad, og visst kan eg tulle
og visst likar eg vitsar og moro
og leik og spel
Men eg har fleire lag, min venn

I det eg seier det, ser eg ei tåre
i augekroken hans,
og det byrjar å strøyme ut ærlege ord
om sorg og frykt og lengsel

Så sat vi der, og var triste i lag
og delte litt av det som til vanleg er skjult

Kanskje det er ei (magisk?) evne eg har,
tenkte eg då,
å gjere folk triste…