Viser innlegg med etiketten venskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten venskap. Vis alle innlegg

onsdag 23. mai 2018

Det raude rommet



det er når det triste humøret stig
frå føtene, oppover leggane
og passerer knea, hoftene, navlen
og fortsatt stig
medan kroppen vert gradvis seigare
som ein størknande seigmann i sollyset
at det lite brukte alarmrommet
inst i den delvis medvitne delen av hjernen
byrjar å gløde, ringe, blinke, riste
og du veit –
det er no du må la orda byggje bru
til eit anna menneske
så ein redningsbøye kan bli kasta ut
i siste liten


mandag 21. desember 2015

Skrive seg fri




eg skulle så gjerne kunne skrive meg fri frå alle desse banda, sleppe taket, sveve av garde på vindar eg valde sjølv, vere over landskap med venlege åsar – kanskje landskap forma i min eigen fantasi – og kjenne hjarterytmen passe saman med orda og orda passe saman med bileta eg ser for meg når eg lyttar og det eg høyrer passe saman med slik eg tenkjer verda er

då skulle eg kunne rekke fram hendene, vende tomme flater opp og ta imot det som vart gjeve, samstundes som det eg sjølv gav ville kunne bygge nye byar, nye utkikkstårn mot horisontar eg no fryktar å berre tenkje på – kanskje ville vi kunne rekke hendene mot kvarandre og gripe dei utan frykt, utan dette som no legg sitt klamme mørker rundt oss og er reiskap for krefter som bryt ned – og saman opne opp dei gamle såra, studere sårkantar og djupner, og saman sy dei att på betre vis, i samarbeid om metallet utvunne frå jorda vi trør – vere euforiske vitne til ei endring, der ordet vald står utan semantikk –

i denne tilstanden vil vi kunne puste med opne lunger, og fylle auga med det som no er skjult, vere kvarandre sine tolkar – dette er mitt hjarte, skal eg seie, og du rekk fram ditt eige og seier: sjå, kor det bankar på same vis som ditt! – og innhaldet er ulikt og orda har ulik farge og bileta er teikna med ulik type maling, men vi fryktar ikkje ulikskapen; vi ser den, seier: sjå så ulike vi er, og smiler medan sola, den same sola vi vandrar under no, går ned i havet bakanfor –

og skuggen som fell er ikkje mørk og trugande, men eit venleg omriss av noko vi tør kalle venskap – eller i det minste sameksistens utan eigedomskrav til grunnen skuggen fell på –


fredag 12. september 2014

Rangers of loneliness




his mind is liquid
as an ocean wide

teardrops crushed
against his lonesome shores

-

these streets are cold,
our minds are woolly, grey –

he’s shouting
at the dead end of his black brick road;

where are my rangers of loneliness,
my company, my dignity, my … friends?

-

we can dare, yes
I might say we have to

stretch out a caring hand
and dry those liquid minds –



tirsdag 27. august 2013

Omveg



Ho går så stille og rart,
som om nokon sit og lyttar,
klare til å kritisere, slå ned på
og fordømme den minste lyd
- auga avslører ei frykt
vi ikkje forstår
og vi veit: Det er ikkje hit ho skal
eigentleg
skulle ho hit likevel?
Vi løfter skuldrene, kikkar på kvarandre,
men ingen seier noko, ingen gjer noko –

Vi let henne gå, fortset med vårt
som om det heile var ein draum,
men vi kan sjå fotspora i molda, dei går ikkje vekk,
same kor mykje vi prøver å lukke auga og snu oss vekk
Og bildet av dei redde auga,
har brent seg fast på netthinna –

dette må vi leve med
om vi vil eller ikkje



#å sjå

I skulen dukkar det frå tid til annan opp einsame sjeler, elever som nærast unnskylder sin eigen eksistens, og som ikkje heilt får innpass hos dei andre. Som lærarar prøver vi alt vi kan å hjelpe, både å bygge opp sjølvtillit og leggje til rette for inkluderande aktivitetar. Likevel lukkast vi ikkje alltid, og av og til har eg lyst å rope til medelevane: Men kan de ikkje sjå? Nokre av mine svartaste minner, og dårlegaste samvit, er knytta til menneske eg sjølv ikkje har sett...